Ingeborg Kvame & Nils Viga Hausken









ME SER


Eit kunstverk på Hjelmeland | hausten 2019

best free html templates

Edmund Austigard har skrevet teksten Tomrom til kunstprosjektet.

________

Mobirise

Jeg ser

Jeg ser paa den hvide himmel,

jeg ser paa de graablaa skyer,

jeg ser paa den blodige sol.


Dette er altsaa verden.

Dette er altsaa klodernes hjem.


En regndraabe!


Jeg ser paa de høie huse,

jeg ser paa de tusende vinduer,

jeg ser paa det fjerne kirketaarn.

Dette er altsaa jorden.

Dette er altsaa menneskenes hjem.


De graablaa skyer samler sig. Solen blev borte.


Jeg ser paa de velklædte herrer,

jeg ser paa de smilende damer,

jeg ser paa de ludende heste.


Hvor de graablaa skyer blir tunge.


Jeg ser, jeg ser...

Jeg er vist kommet paa en feil klode!

Her er saa underligt...

Sigbjørn Obstfelder

Sånn kom det til. Prosjektet, altså.

Ingeborg

- Du Nils. Me er jo sjuke i augene.

Nils

- Ja, ja me ser alt på ein annan måte. 

I

- Men me ser jo ting på same måten.

N

- Ja.

I

- To halvblinde kunstnarar! Saman får me eit underleg syn!

N

- ‘Jeg ser’ er eit aldeles nydeleg dikt. Kanskje me kan bruka det som omdreiingspunkt for eit kunstprosjektet? 

i

- ‘Jeg ser, jeg ser… Jeg er vist kommet på feil klode!’ Jo, den idéen kan eg lika!

N

- Og Sigbjørn Obstfelder hadde óg sterk tilknytning til Hjelmeland, far hans var frå Viga.

I

- Er Hjelmeland heime for deg? Eg har sjølv eit noko ambivalent forhold til bygda.

N

- Ååå eg kjenner gard- og slektsforhalda til dei fleste på fastlandet og har store mengder familie der, så eg er temmeleg grunnfesta.

I

- Hmm. Kva med eit tredje blikk på det heile. Me skulle ikkje invitert nokon til å skriva ein tekst for oss? Som eit sjølvstendig verk...

N

God idé! Han Edmund Austigard er ein aldeles glimrande forfattar. Han kjem og frå Hjelmeland, vaks opp i Årdal. Eg sender han ei melding!

Verka kan du finna på veggen til Spinneriet på Hjelmeland og på ein låvevegg i Årdal, sjå kart under her.

________

Kunstnarane

Nils Viga Hausken

Nils er oppvaksen i Hjelmeland, bur og arbeider i København og delvis Hjelmeland. Han har i mange år gått høghastighetslivet i mot, gjennom sitt arbeidet med korsstingsbroderi.

+45-42 41 19 44 | mail@nilsvigahausken.com

Ingeborg Kvame

Ingeborg er oppvaksen i Hjelmeland, bur og arbeider i Stavanger. Ho undersøker det skjulte og mystiske, gjennom enkle, sanselege abstraksjonar.

+47-41 45 76 01 | ingeborgkvame@gmail.com

Edmund Austigard

Edmund er oppvaksen i Årdal i Ryfylket, bur og arbeider i Oslo. Han er forfattar og direktør i Det Norske Samlaget. Absurd humor er eit kjenneteikn.

+47-48 20 13 20 | astgrd@gmail.com

Kunstprosjektet er støtta av Rogaland fylkeskommune, Ryfylkefondet, Hjelmeland kommune og Strandbuen.

Takk til Tor Olav Tjentland, Kenneth Varpe og Harald Sævareid